26 mai 2007

Våronn på Haugli



Det er utruleg godt å komme heim i hagen på Haugli! I heimen og hagen der Agnar voks opp.
Besta Anna hadde verkeleg grøne hender og nokre spor av det viser endå kvar vår; alle løkar blomstrar i all sin prakt og vi gledar oss kvart år til å ruske i løv, gras, kvsit for å få fram det som spirer! I år kunne Anna og Simen også få gleden av å "ruske" rundt litt.

Vårslepp!

Heisann! no er det lenge sidan sist og vi går raskt mot sommar!
Lamminga er vel i havn og det har vore stor stas for "soppane", som ivrig
har delteke i foring, klapping, kosting og så tåteflaska då. Tåteflaska vert kalla
av Anna; sjatta og Simen; kanna. Ja det er atter ein gong morro å sjå dei
friske spretta og kasta frå lamma! No er alle sauer med lam ute på innmarksbeite
og det nærmar seg slepp på fjellbeitet! Vaksinering/kapsling er på plass,
så no er det kun veging og sjekk av jurer som gjenstår før dei skal på langferie!

04 april 2007

Påsketradisjon

Palmesøndag går den faste familieturen frå Årdal i Jølster til Nes i Naustdal. Dette er Indre sunnfjord turlag sin mest populære tur. I år med over 100 deltakarar, i alder frå 7 år til 80 år. I år var vi fantastisk heldig med været og det var eit føre som var lett å gå i. God stemning med glade deltakarar. Agnar er fast turleiiar for denne turen! Her nokre lokkande bilder frå turen:



Klargjering for oppstingning til Kupevatnet. Her ved Legestølane i Årdalen

Ankomst Longvasshytta







Oppstilling av alle turdeltakarane. Alle Smiler! :-)

03 april 2007

Opp i trea!

I vinter har det vore ein ny aktivitet på garden, rettare sagt låven. Her såg Torbjørn potensiale i ulike materialar og dippeduttar til å lage vegg, klatretak og fotfester til. Onkel Torbjørn har vore den mest ivrige og har utvikla både styrke, smidigheit og teknikk i løpet av vinteren. Sonja har berre så vidt prøvd seg og må nok begynne på enklare trinn.





Ja å slike klatresyslar er jo også nyttig når den 35 år gamle Askealen på tunet treng beskjæring! Onkel Torbjørn tok sjølvsagt den jobben med glans.


Torbjørn i sving med beskjæring - sikra med klatreutstyr

02 april 2007

Produksjon og førebuingar

Sidan siste gards rapport har nok biff komme innom dei lengtande ganar, mjølk drukke og snøen som vi har sett på bilde har forsvunne og fram dukkar fleire tegn av vår! Vi har også hatt kvalitet, helse, miljø og sikkerheits revisjon på garden. Dette var veldig kjekt og lærerikt - første gangen vi har hatt dette sidan vi overtok garden i 2003!

Før lammesesongen tek til skal sauene klyppast og vaksinerast. Dei vert og skilt ut etter behov for energi, i høve det som er under vekst i magen. Sonja har vore under opplæring i "ullfelling av sau" av Sigmund. Anna og Simen syntest ikkje noko særleg om dette og gjentok mange gangar...Au..au..au..au. Det hjalp lite å synge om Bæ bæ lille lam som seier ja til at han har så masse ull.....Nei den ville dei verken ta eller sjå på! Ellers er dei etterkvart svært trygge på besøk i fjøsen. Klyppinga går kjempe fint med den gode "klypperampen". Dei fleste held seg rolege og det går kjapt i vei!

"Meister med saksa"



Godbitar eller stein...?...sauene får smake på litt av kavart.



Ved for vinteren har vore fokusert på no. Det er viktig at veden er nede og klar til tørking på denne tida. Det er no vi er inne i dei beste tørkemånadane og sevja har ikkje fått trekke langt opp i trea. Så her har aktivitete vore høg i dei fine vår dagane! Planlagt pleiing av kulturlandskapet skjer i same prosessen.

Mange gode medhjelparar!


Vi har allerede hatt fine dagar på fjellet før påske. No håpar vi at helgedagane i påska også vert bra!


Utstyret klart til påske!? Simen er klar!





God Påske alle sammen!





19 mars 2007

Sol i sjela!



No er sola begynt å skine på garden vår. vi får sola 6 mars, men fekk først sjå ho og kjenne strålaen varme 18 mars. Tradisjonen tru - spring vi til glaset for å sjå skyggen av skorsteinane på huset i snøen. Å det er så godt atte!




Det neste vi må gjere, tradisjonen tru - er å sette smør i glaskarmen, slik at sola føler seg velkommen og kan "slikke" smør med strålane! Det er godt å kjenne energien vekse i takt med lysare og lenger dagar!


27 februar 2007

Vinterprakt

Ein fantastisk dag! Det hadde lagt seg ca 10 cm nysnø til morgonen, det var vindstille og sola kom gjennom snøskyene! Vi måtte ut å nyte dette! Vi har ikkje fått sola på garden vår endå, men no ser vi ho kryp nærmare for kvar dag - vi gledar oss til å sjå skyggen av skorsteinane på huset, i snøen! I dag vart det aketur til mjelkerampen ved riksvegen og tilbake. Vi kunne kjenne sola varma godt allerede!





Ein flott stad å sitte og dingle med beina



Her ser du husa til folka og husdyra på garden i flott vinterprakt!

Her helsar alle deg velkommen når du stiger inn i fjøsen!

18 februar 2007

Velkommen!

Hei til alle som les denne sida!
Her vil vi i tida framover legge inn litt av aktivitetane som er på Oppedal Gard. De vil sikkert få vere med på nokre utflukter samt andre aktivitetar!


På rørvikfjellet. Agnar på veg mot Førde.


Som de ser under, startar vi med eit lite tilbakeblikk til lamminga 2006. Lamme sesongen 2007 nærmar seg med stormskritt. Dette er ei spennande tid som og kan vere hektisk, med lamming dag og natt. Har vi hatt klaff med paringa og insemineringa - ja, så skal det verte full fart i 14 dagar i slutten av april.

På garden er det no full mjelkeproduksjon, nesten alle båsane er fulle med 12 ytande, frodige og friske kyr.

I binge 1 har vi 4 fullvoksne stutar, som straks skal tjene dei biff lengtande ganar.(1 tvillingpar)
I binge 2 har vi 2 godt voksne kviger, som skal inn i mjelkeproduksjonen til hausten.
I binge 3 har vi 1 ung stut og 3 kviger. Kvigene skal inn i mjelkeproduksjon til hausten.
I binge 4 har vi 1 ung ku og 3 unge stutar på oppforing - her blant eitt tvillingpar.
I binge 5 har vi 3 unge stutar på oppforing
I binge 6 har vi 3 unge kukalvar
I binge 7 har vi sist ankomne i buskapen; stuten Morris. Svart/kvit rosete, som vart født på
morsdagen i 2007.

Vi har endå ei kalving i vente i midten av mars 2007!

Frå 1 mars 2007 aukar vi mjelkekvoten vår til ca 75 000 liter. Vi var heldige å få kjøpe på nyåret og får dermed aktivere kvotekjøpet i år! Vi må nok jobbe hardt for å nå målet i år!

I sauefjøset har vi 26 voksne sauer, 8 gimrar, 1 ung vær og 1 prøvevær(tilhøyrer værringen, men er på oppforing her). Dette er eit vanleg tal vinterfora sauer hjå oss!

17 februar 2007

Vårslepp 2006

Ingen tegn er så sikre som bla desse; smålamma spring i tunet! Full fart ut midtgangen i sauefjøsen, ned trappa, over asfalten, opp første skråning, over veien og opp ei bratt bakke....også tilbake....og på nytt igjenn! Eit heilt studie å sitte å sjå på.......og så blir eg i så godt humør av å sjå på sprett, dans, leik, nyfikenheit og konkurranse.....ja det er snart vår igjen! Sola nærmar seg! Den skin i vinduskarmen 6 mars!



I mai 2006 fekk Anna Elisa og Simen helse på sauene og lamma. Då først fekk sangen; Bæ bæ lille lam skikkeleg betydning! Her i fjøsen med bestemor! Om berre 2 månadar er lamminga i sving att!