04 april 2007

Påsketradisjon

Palmesøndag går den faste familieturen frå Årdal i Jølster til Nes i Naustdal. Dette er Indre sunnfjord turlag sin mest populære tur. I år med over 100 deltakarar, i alder frå 7 år til 80 år. I år var vi fantastisk heldig med været og det var eit føre som var lett å gå i. God stemning med glade deltakarar. Agnar er fast turleiiar for denne turen! Her nokre lokkande bilder frå turen:



Klargjering for oppstingning til Kupevatnet. Her ved Legestølane i Årdalen

Ankomst Longvasshytta







Oppstilling av alle turdeltakarane. Alle Smiler! :-)

03 april 2007

Opp i trea!

I vinter har det vore ein ny aktivitet på garden, rettare sagt låven. Her såg Torbjørn potensiale i ulike materialar og dippeduttar til å lage vegg, klatretak og fotfester til. Onkel Torbjørn har vore den mest ivrige og har utvikla både styrke, smidigheit og teknikk i løpet av vinteren. Sonja har berre så vidt prøvd seg og må nok begynne på enklare trinn.





Ja å slike klatresyslar er jo også nyttig når den 35 år gamle Askealen på tunet treng beskjæring! Onkel Torbjørn tok sjølvsagt den jobben med glans.


Torbjørn i sving med beskjæring - sikra med klatreutstyr

02 april 2007

Produksjon og førebuingar

Sidan siste gards rapport har nok biff komme innom dei lengtande ganar, mjølk drukke og snøen som vi har sett på bilde har forsvunne og fram dukkar fleire tegn av vår! Vi har også hatt kvalitet, helse, miljø og sikkerheits revisjon på garden. Dette var veldig kjekt og lærerikt - første gangen vi har hatt dette sidan vi overtok garden i 2003!

Før lammesesongen tek til skal sauene klyppast og vaksinerast. Dei vert og skilt ut etter behov for energi, i høve det som er under vekst i magen. Sonja har vore under opplæring i "ullfelling av sau" av Sigmund. Anna og Simen syntest ikkje noko særleg om dette og gjentok mange gangar...Au..au..au..au. Det hjalp lite å synge om Bæ bæ lille lam som seier ja til at han har så masse ull.....Nei den ville dei verken ta eller sjå på! Ellers er dei etterkvart svært trygge på besøk i fjøsen. Klyppinga går kjempe fint med den gode "klypperampen". Dei fleste held seg rolege og det går kjapt i vei!

"Meister med saksa"



Godbitar eller stein...?...sauene får smake på litt av kavart.



Ved for vinteren har vore fokusert på no. Det er viktig at veden er nede og klar til tørking på denne tida. Det er no vi er inne i dei beste tørkemånadane og sevja har ikkje fått trekke langt opp i trea. Så her har aktivitete vore høg i dei fine vår dagane! Planlagt pleiing av kulturlandskapet skjer i same prosessen.

Mange gode medhjelparar!


Vi har allerede hatt fine dagar på fjellet før påske. No håpar vi at helgedagane i påska også vert bra!


Utstyret klart til påske!? Simen er klar!





God Påske alle sammen!