24 november 2009

Slåttonn 2009




Nydeleg slåttevær!

Ungane leikar i hagen og graset ligg å fortørkar før

pressing i rundballar.















Til skrekk og advarsel! Sjølv om ein er forsiktig og trur at det ikkje skal skje... så skjedde det!


Men takk til tekniske detaljar på hengarfestet på traktor så løyste hengaren seg av og redda


situasjonen!



































Hengaren var retta opp og sett i arbeid att etter eit døgn. Sigmund la si sjel i det og fekk retta

opp lemmar, sveisa og skrudde! Stor takk til ein engasjert - alt mulig mann!






















Utsikt frå traktoren under slått i Hogen.






















Dette er også slått! Greit at det finst oppgåver som også minsten kan vere med på!



23 november 2009

Hjortejakt 2009






















Jaktlag i oktober med ein bukk som resultat!

Denne vart observert liggande når jegeren var på veg til sin post.

Sjølve jaget ga ingen resultat denne gongen.




Jakta i år har gått fint. Det manglar 1 dyr av 11 dyr....... men jakta er enno ikkje over!









Her er hjorte og røvehytta på plass i terrenget.


Denne brukar vi å stikke innom også
når vi er på tur. Kjekt for dei minste å ha ei slik
minihytte.

Hytta er eit av bestefar Sigmund sine mange verk!

Vårteikn på Haugli 2009








Vi nyter å ruske opp i hagen på Haugli!

Det er eit høgdepunkt kvart år.

Eit fang fult av påske og pinseliljer

vert alltid med til grava,

til besta Anna og besten Harald.











Onkel Geir og Agnar

finn alltid roen heime

og nyter kvar ei stund!

Ein strålande dag på

tunet !



Jonsokfeiring







Kjempe koseleg Jonsokkveld på Hoffslåttene.

Vi var først ved gapahuken å grilla og leika. Her prøver Espen den flotte jonsokkransen! Simen syntest han såg morsom, rar og søt ut!
Etter grill og leik var det bålbrenning ved elva!


Sanking av kviger frå 900 m.o.h















På toppen av varden som Torbjørn har bygd på Middagsnova.
Denne kan du søke ly inni og er spesielt kjekk for dei små og leike i.
Ein voksen får så vidt plass.

I bakgrunnen ser vi garden Tjønneland i høgda og i dalføret ser du
elva Gaula som renn forbi Oppdeal, Lyngstad og Setenes.
Idrettsbana er det grå området du ser ved det grøne arealet til
venstre for varden.
















Det er sjelden våre storfe går så høgt, men i år hadde

desse 8 spreke kvigene funne vegen til middagsnova.

Her er vi på veg ned mot øverste del av Rabbane,

Gjermundstad i bakgrunnen. Det er med skrekkblanda

fryd, å gå med ein slik gjeng storfe bak seg, i bratt terreng!

For set dei fart ......ja så er dei i fart og då veit vi ikkje heilt

kor dei stoppar og heller ikkje kor steinar som dei løyser ut

skyter fart!



Det gjekk fint å få dei ned med litt kulokk og salt.

Ja det var faktisk nokså majestetisk å sjå dei i så luftig terreng!

21 november 2009

Familie på 5


Det har vore ein lang pause i denne bloggen, men no får vi komme litt sterkare tilbake!

Her er vår vesle Espen!