27 februar 2007

Vinterprakt

Ein fantastisk dag! Det hadde lagt seg ca 10 cm nysnø til morgonen, det var vindstille og sola kom gjennom snøskyene! Vi måtte ut å nyte dette! Vi har ikkje fått sola på garden vår endå, men no ser vi ho kryp nærmare for kvar dag - vi gledar oss til å sjå skyggen av skorsteinane på huset, i snøen! I dag vart det aketur til mjelkerampen ved riksvegen og tilbake. Vi kunne kjenne sola varma godt allerede!





Ein flott stad å sitte og dingle med beina



Her ser du husa til folka og husdyra på garden i flott vinterprakt!

Her helsar alle deg velkommen når du stiger inn i fjøsen!

5 kommentarer:

Heidi sa...

ja, da såg fint ut å dingle med beina, men smokken skjemde ut bilde, tykte eg. Flott bilde av husa i vinterprakt!

Heidi sa...

Og rampen skal jammen bli flott når sumaren er komen og graset er grønt, løvetanna blomstrar og livet er skjønt! I dag gjekk det opp for meg at det berre er ca 5 veker til påske. Sånn ca rundt påske burde snøen nærme seg å forsvinne, då er det vår. Skal vi nyte snøen, må vi gjere det no. I tillegg kan vi glede oss til våren. Ha du sitt slikt! Jammen mykje å glede seg over, gitt!

Tufteline sa...

Flotte bilder! Heidi er i vårstemning, eg fortsette å nyte vinteren - og det har eg faktisk ikkje gjort siden eg va sjetonge!

Her bur; Espen, Anna Elisa og Simen, Agnar og Sonja sa...

Eg trur vi er livsnytarar alle sammen, uansett kva farge det er ute.....Det vi kallar rusa på livet!! Vi har søren meg ikkje tia te noke anna enn å nyte....nåke anna ville vere vekk kasta ;-)

Heidi sa...

No e da på tie med litt nytt her....