23 november 2009

Jonsokfeiring







Kjempe koseleg Jonsokkveld på Hoffslåttene.

Vi var først ved gapahuken å grilla og leika. Her prøver Espen den flotte jonsokkransen! Simen syntest han såg morsom, rar og søt ut!
Etter grill og leik var det bålbrenning ved elva!


Sanking av kviger frå 900 m.o.h















På toppen av varden som Torbjørn har bygd på Middagsnova.
Denne kan du søke ly inni og er spesielt kjekk for dei små og leike i.
Ein voksen får så vidt plass.

I bakgrunnen ser vi garden Tjønneland i høgda og i dalføret ser du
elva Gaula som renn forbi Oppdeal, Lyngstad og Setenes.
Idrettsbana er det grå området du ser ved det grøne arealet til
venstre for varden.
















Det er sjelden våre storfe går så høgt, men i år hadde

desse 8 spreke kvigene funne vegen til middagsnova.

Her er vi på veg ned mot øverste del av Rabbane,

Gjermundstad i bakgrunnen. Det er med skrekkblanda

fryd, å gå med ein slik gjeng storfe bak seg, i bratt terreng!

For set dei fart ......ja så er dei i fart og då veit vi ikkje heilt

kor dei stoppar og heller ikkje kor steinar som dei løyser ut

skyter fart!



Det gjekk fint å få dei ned med litt kulokk og salt.

Ja det var faktisk nokså majestetisk å sjå dei i så luftig terreng!

21 november 2009

Familie på 5


Det har vore ein lang pause i denne bloggen, men no får vi komme litt sterkare tilbake!

Her er vår vesle Espen!

15 mars 2008

Åpning av Barnas Turlag Fosseheimen Gaular. Her er vi ved Mjell skulehus. Turen gjekk Myravatnet rundt!



Eg gjekk ein tur på stien og høyrde skogens ro, då høyrde eg frå lia ein gjøk som sa koko,koko.....




Store røtter, små føtter!


"bruene" var kjempe lette og morsome å springe på!



08 mars 2008


I strten av august måtte vi leite etter Rosa som ikkje lenger var med resten av flokken!
Det hadde sin fantastiske lille grunn......ho hadde ein skatt å passe på og det hadde gått kjempe fint! Eit flott syn å møte i den frodige grøne lyngen. Eg sat lenge i nærheiten å snakka til dei og plukka blåbær. Etter ei stund kom også Torbjørn og hjelpte meg med å få den stolte ku og den kvikke oksekalven heim! Den fekk navnet Friskus!


Dette er ku nr. 171! Ei fantastisk god mjølkeku, her sommarferien før 6 laktasjon(mjølkesesong). Svartros har dei siste 4 åra mjølka kun på 3 spenar(3 spent), men leverte likevel i topp laktasjonen 40 liter pr. dag! Denne sommaren har ho fått rive av seg begge øyremerker og mista bjella si - fri for "fremmedlegemer" for ei kort stund!

Flokken på Åsen!

Pinsa 2007

Endeleg ein flott dag for ski i fjellet! I starten litt ustabilt snøføre..... men glimrande etterkvart!


Utsikt frå Sygneskaret mot Klypa

Målet nådd!!! Toppen av Vindskeivarden - Anna og Agnar

Simen sov godt i beremeisa!

Gjeitekillingar

18. mai 2007 fekk vi hente to søte små geitekillingar! Dei skulle egentleg ikkje få leve opp, men i siste liten skulle lykka snu for desse to! Begge var frå tvillingkull og seint født i sesongen og dermed små avlsdyr! Anna og Simen syntest det var kjempe stas å få ta dei med heim!





Dei fekk navna Snøkvit og Tornerose!


Simen prøver iherdig å få klappe dei.......men det var ikkje så lett!



Geitene fekk beite hjå oss gjennom sommaren og no lever dei det gode liv vidare saman med andre geiter og skal truleg ha killingar sjølv til neste år! Anna og Simen spør ofte etter geitene og konkluderer no med at "mannen no passar på dei" !