02 april 2007

Produksjon og førebuingar

Sidan siste gards rapport har nok biff komme innom dei lengtande ganar, mjølk drukke og snøen som vi har sett på bilde har forsvunne og fram dukkar fleire tegn av vår! Vi har også hatt kvalitet, helse, miljø og sikkerheits revisjon på garden. Dette var veldig kjekt og lærerikt - første gangen vi har hatt dette sidan vi overtok garden i 2003!

Før lammesesongen tek til skal sauene klyppast og vaksinerast. Dei vert og skilt ut etter behov for energi, i høve det som er under vekst i magen. Sonja har vore under opplæring i "ullfelling av sau" av Sigmund. Anna og Simen syntest ikkje noko særleg om dette og gjentok mange gangar...Au..au..au..au. Det hjalp lite å synge om Bæ bæ lille lam som seier ja til at han har så masse ull.....Nei den ville dei verken ta eller sjå på! Ellers er dei etterkvart svært trygge på besøk i fjøsen. Klyppinga går kjempe fint med den gode "klypperampen". Dei fleste held seg rolege og det går kjapt i vei!

"Meister med saksa"



Godbitar eller stein...?...sauene får smake på litt av kavart.



Ved for vinteren har vore fokusert på no. Det er viktig at veden er nede og klar til tørking på denne tida. Det er no vi er inne i dei beste tørkemånadane og sevja har ikkje fått trekke langt opp i trea. Så her har aktivitete vore høg i dei fine vår dagane! Planlagt pleiing av kulturlandskapet skjer i same prosessen.

Mange gode medhjelparar!


Vi har allerede hatt fine dagar på fjellet før påske. No håpar vi at helgedagane i påska også vert bra!


Utstyret klart til påske!? Simen er klar!





God Påske alle sammen!





1 kommentar:

-eirikmyge- sa...

Hei alle på viksdala, her kjeme ei helsing frå matvraka på Atløyna. Her e da lite snø, men likavel so mykje påskepynt, at vi kjeme i påskestemning lell :) Vi kosar oss heime med far og mor, og dei brælar sjølvsagt med den nye gullungen i familien. Ha ei fortsatt triveleg påske, håpar vi sjåast snartø.

Stor klem frå oss her

Ps, kjekt å sjå dåke på dinna sida, skal følgje med på dåke her ja.