08 mars 2008

Gjeitekillingar

18. mai 2007 fekk vi hente to søte små geitekillingar! Dei skulle egentleg ikkje få leve opp, men i siste liten skulle lykka snu for desse to! Begge var frå tvillingkull og seint født i sesongen og dermed små avlsdyr! Anna og Simen syntest det var kjempe stas å få ta dei med heim!





Dei fekk navna Snøkvit og Tornerose!


Simen prøver iherdig å få klappe dei.......men det var ikkje så lett!



Geitene fekk beite hjå oss gjennom sommaren og no lever dei det gode liv vidare saman med andre geiter og skal truleg ha killingar sjølv til neste år! Anna og Simen spør ofte etter geitene og konkluderer no med at "mannen no passar på dei" !

26 mai 2007

Våronn på Haugli



Det er utruleg godt å komme heim i hagen på Haugli! I heimen og hagen der Agnar voks opp.
Besta Anna hadde verkeleg grøne hender og nokre spor av det viser endå kvar vår; alle løkar blomstrar i all sin prakt og vi gledar oss kvart år til å ruske i løv, gras, kvsit for å få fram det som spirer! I år kunne Anna og Simen også få gleden av å "ruske" rundt litt.

Vårslepp!

Heisann! no er det lenge sidan sist og vi går raskt mot sommar!
Lamminga er vel i havn og det har vore stor stas for "soppane", som ivrig
har delteke i foring, klapping, kosting og så tåteflaska då. Tåteflaska vert kalla
av Anna; sjatta og Simen; kanna. Ja det er atter ein gong morro å sjå dei
friske spretta og kasta frå lamma! No er alle sauer med lam ute på innmarksbeite
og det nærmar seg slepp på fjellbeitet! Vaksinering/kapsling er på plass,
så no er det kun veging og sjekk av jurer som gjenstår før dei skal på langferie!

04 april 2007

Påsketradisjon

Palmesøndag går den faste familieturen frå Årdal i Jølster til Nes i Naustdal. Dette er Indre sunnfjord turlag sin mest populære tur. I år med over 100 deltakarar, i alder frå 7 år til 80 år. I år var vi fantastisk heldig med været og det var eit føre som var lett å gå i. God stemning med glade deltakarar. Agnar er fast turleiiar for denne turen! Her nokre lokkande bilder frå turen:



Klargjering for oppstingning til Kupevatnet. Her ved Legestølane i Årdalen

Ankomst Longvasshytta







Oppstilling av alle turdeltakarane. Alle Smiler! :-)

03 april 2007

Opp i trea!

I vinter har det vore ein ny aktivitet på garden, rettare sagt låven. Her såg Torbjørn potensiale i ulike materialar og dippeduttar til å lage vegg, klatretak og fotfester til. Onkel Torbjørn har vore den mest ivrige og har utvikla både styrke, smidigheit og teknikk i løpet av vinteren. Sonja har berre så vidt prøvd seg og må nok begynne på enklare trinn.





Ja å slike klatresyslar er jo også nyttig når den 35 år gamle Askealen på tunet treng beskjæring! Onkel Torbjørn tok sjølvsagt den jobben med glans.


Torbjørn i sving med beskjæring - sikra med klatreutstyr

02 april 2007

Produksjon og førebuingar

Sidan siste gards rapport har nok biff komme innom dei lengtande ganar, mjølk drukke og snøen som vi har sett på bilde har forsvunne og fram dukkar fleire tegn av vår! Vi har også hatt kvalitet, helse, miljø og sikkerheits revisjon på garden. Dette var veldig kjekt og lærerikt - første gangen vi har hatt dette sidan vi overtok garden i 2003!

Før lammesesongen tek til skal sauene klyppast og vaksinerast. Dei vert og skilt ut etter behov for energi, i høve det som er under vekst i magen. Sonja har vore under opplæring i "ullfelling av sau" av Sigmund. Anna og Simen syntest ikkje noko særleg om dette og gjentok mange gangar...Au..au..au..au. Det hjalp lite å synge om Bæ bæ lille lam som seier ja til at han har så masse ull.....Nei den ville dei verken ta eller sjå på! Ellers er dei etterkvart svært trygge på besøk i fjøsen. Klyppinga går kjempe fint med den gode "klypperampen". Dei fleste held seg rolege og det går kjapt i vei!

"Meister med saksa"



Godbitar eller stein...?...sauene får smake på litt av kavart.



Ved for vinteren har vore fokusert på no. Det er viktig at veden er nede og klar til tørking på denne tida. Det er no vi er inne i dei beste tørkemånadane og sevja har ikkje fått trekke langt opp i trea. Så her har aktivitete vore høg i dei fine vår dagane! Planlagt pleiing av kulturlandskapet skjer i same prosessen.

Mange gode medhjelparar!


Vi har allerede hatt fine dagar på fjellet før påske. No håpar vi at helgedagane i påska også vert bra!


Utstyret klart til påske!? Simen er klar!





God Påske alle sammen!





19 mars 2007

Sol i sjela!



No er sola begynt å skine på garden vår. vi får sola 6 mars, men fekk først sjå ho og kjenne strålaen varme 18 mars. Tradisjonen tru - spring vi til glaset for å sjå skyggen av skorsteinane på huset i snøen. Å det er så godt atte!




Det neste vi må gjere, tradisjonen tru - er å sette smør i glaskarmen, slik at sola føler seg velkommen og kan "slikke" smør med strålane! Det er godt å kjenne energien vekse i takt med lysare og lenger dagar!